Lærdal Røde Kors

Velkommen til Lærdal Røde Kors sine heimesider. Her vil de finne nyheiter, info om Lærdal Røde Kors, oversikt over kurs og aktivitetar.

Nyhende

Ferjekort

Me har no gått til innkjøp av eit ferjekort, etter vedtak på styremøte onsdag 14.april 2010. Ferjekortet kan nyttast på alle fjord1 sine ferjestrekningar på vestlandet. Viser til info i utsendt mail om kort. Kan kontakte ein av oss i styret om de har bruk for kortet.

Ferjekortet har me tenkt at medlemmane skal bruke når dei skal på møter, kurs etc i regi av Røde Kors. Ferjekortet gir rabatt, og dermed også lågare reiseutgifter for laget.

For at me til ei kvar tid skal ha oversikt over kvar kortet er kjem eg til å lage til ei liste der, medlemmane skriv dato og signatur for når dei låner og leverar tilbake kortet. Me ynskjer då at siste kvittering ligg ved kortet, slik at me har ein oversikt over kor mykje som er att på kortet.

« Forrige side