Om oss

Røde Kors Lærdal

Røde Kors Lærdal har i dag (2009) 235 medlemmar. Lokallaget har eige lagshus på Bergo med gode møterom og beredskapslager. Røde Kors Lærdal har 2 operative grupper (Fagråd):

Alt arbeid er basert på Norges Røde Kors sitt hovudprogram og lover, samt regionale og lokale handlingsprogram/vedtak og dei 7 internasjonale Røde Kors – prinsippa i Genevkonvensjonen:

  • Humanitet: Verne om liv og helse og sikre respekt for einskildmenneske
  • Upartisk: Yte hjelp utan omsyn til nasjonalitet, rase, tru etc.
  • Nøytralitet: Unngå  å ta parti i konfliktar.
  • Uavhegighet: Sjølvstendig og handle i tråd med R.K.-prinsippa
  • Frivillighet: Humanitær hjelpeorganisasjon basert på  frivillig innsats
  • Enhet: Berre ein R.K.-organisasjon i kvart land.
  • Universal: Verdsomfemnande rørsle.

Røde Kors Norge

Lærdal Røde Kors lokallag, skipa 5. mars 1949, er tilslutta Norges Røde Kors, som er ein av dei eldste nasjonale Røde Kors foreiningane. Organisasjonen vart stifta i 1865, berre 2 år etter at organisasjonen såg dagens lys i Sveits. I dag er Norges Røde Kors ein moderne, landsomfattande organisasjon med ca. 150 000 medlemmer. Hjelpearbeidet har stor spennvidde frå Omsorgsarbeid for eldre, sjuke og einsame, til Visitorteneste, Nattverksarbeid, Redningsteneste, Flyktningeguide, Ferie for alle, Stopp Valden og Telefon for barn og unge.

Distrikta

På distriktsplanet finns det lokallag i dei fleste kommunar i Sogn og Fjordane. Fylket har eige distriktskontor i Førde, distriktstyre og distriktsråd for fagråda, samt kurssenter på Nesholmen i Hyen, og står som eigar av Hauglandssenteret i Fjaler, der det er internasjonal skule, leirstad og rehabiliteringssenter.