Hjelpekorps

Lærdal Røde Kors Hjelpekorps (RKH)

Lærdal RKH har ca 15 aktive medlemar i dag. Me ynskjer oss stadig fleire aktive medlemar. I hjelpekorpset held me på med ulike aktivitetar. Til å vera eit såpass lite korps har me i grunn stor aktivitet. Me står på kommunen sin beredskapsplan, og det vil seie at me deltek på rednings- og leiteaksjonar dersom noko skulle skje i kommunen eller nabokommunane våre.

Vidare har me sanitetsvakter på ulike arrangement som til dømes sykkelløpa om sommaren, Storehaugen opp og 5 på konkurransen under Lærdalsmarknaden. På marknaden har me og ein ”stand” der me viser oss fram med utstyr og mannskap, samtidig som me sel lodd og vervar medlemar. Vidare deltek me med fyrstehjelpskurs og øvelsar.

Me ynskjer at medlemane våre skal ha ein høg standard, og har difor valt å prioritera at meldemar skal få reise mykje på kurs. For å vera aktiv medlem i hjelpekorpset lyt du ta eit 30 timars fyrstehjelpskurs, som me kan tilby i lag med hjelpekorpset i Aurland. Etter enda kurs tek du ein fyrstehjelpsprøve. Vidare treng du operativt grunnkurs som går ei helg på Nesholmen på vårparten.

DU er hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss og bli aktiv i hjelpekorpset kor tid som helst!

hjelpekorps

Historikk

Lærdal Røde Kors Hjelpekorps vart skipa i 1949 med skipningsdato 19.mars. Den fyrste formannen i hjelpekorpset heitte Per Kvigne. Nokre år seinare vart aktiviteten låg, og ein valte difor å ta ein pause. Denne varte frå 1952 til 1974.

Sjølv om det var ein pause i aktiviteta til Hjelpekorpset, var korpset likevel tilgjengelege ved leiteaksjonar og liknande. Ein tok og vaktoppdrag i samband med påsken. Stovestølen ved Maristova var fast base for desse påskevaktene.

Utpå hausten i 1974 starta ein opp att, og sidan har hjelpekorpset vore aktive både med leiteaksjonar, henteoppdrag, transport, vaktoppdrag og kurs. Nokre av medlemmane som var med på gjennoppstartinga i 1974 har sidan vore aktive medlemmar. Dette gjeld blant anna Frantz Henriksen, Severin Bjørketun og Asle Skalle.