Vekesinfo frå distriktet + infobrev hjelpekorps
Her ligg det til ei kvar dit info vekesvis frå distriktskontor, samt infobrev frå hjelpekorps, og tutti fratelli. Godt lesestoff med viktig info.
Agenda veke 18 Sogn og Fjordane 2012
Agenda veke 17 Sogn og Fjordane 2012
Oppdatert årshjul fram til og med sommaren 2012 kan du sjå her: Årshjul for SFRK 2011
Her følgjer nyhetsbrev for hjelpekorps for juni
Infobrev Hjelpekorps mars 2012
Her kan de lese tutti fratelli Tutti Fratelli april 2012
Refusjon køyresatsar ved reiserekning
Vår kasserar Jermund Bosheim har motteke reiserekningar, der det blir brukt ulike satsar. Alle bør bruke same satsen på reiserekningane. Det var ved eit årsmøte endra satsar i 2008, men no etter eit styremøte, 14.04.2010, vedtok styret nokre enkle og felles takstar, som blir gjeldande.
Dei nye satsane er som følgjer, og gjeld ved øvingar, møter, køyring til transportoppdrag. Ved aksjonar og alarm gjeld satsar etter statens regularativ.
Bil m/hengar kr 3,-
Passajerar kr 0,50,-
Enkel bil kr 2,-
Styret Lærdal Røde Kors, 14/4-2010
Skjema for reiserekning kan du finne her
Ferjekort
Me har no gått til innkjøp av eit ferjekort, etter vedtak på styremøte onsdag 14.april 2010. Ferjekortet kan nyttast på alle fjord1 sine ferjestrekningar på vestlandet. Viser til info i utsendt mail om kort. Kan kontakte ein av oss i styret om de har bruk for kortet.
Ferjekortet har me tenkt at medlemmane skal bruke når dei skal på møter, kurs etc i regi av Røde Kors. Ferjekortet gir rabatt, og dermed også lågare reiseutgifter for laget.
For at me til ei kvar tid skal ha oversikt over kvar kortet er kjem eg til å lage til ei liste der, medlemmane skriv dato og signatur for når dei låner og leverar tilbake kortet. Me ynskjer då at siste kvittering ligg ved kortet, slik at me har ein oversikt over kor mykje som er att på kortet.


