Etter ryddeaksjon
Det har i dag 7.mai vore gjennomført ryddeaksjon hald Lærdal rein. Her fekk me profilert oss og synt oss fram med deltaking, dagen før Røde Kors dagen 8.mai. Me hadde i år som tidlegare år, fått tildelt området frå Sviggumskrysset og til Erdal langs hovudvegen. Ein effektiv gjeng på 5 stk gjekk me i gang og fekk rydda og samla i hop alt av søppel. Det var nokre sekker med søppel, og Lærdal vart reinare. Etter ryddinga smakte det godt med pizza. Ein stor takk til alle 5 som stilte opp.
Minner om at vårt neste oppdrag allerede er på laurdag 12/5 med Storehaugen Opp og ein del oppgåver der, sjå mail frå Linda med tildelte oppgåver.
Etter førstehjelpskurs og prøven
Gratulera med fullførd og bestått fyrstehjelpskurs til alle som bestod Hjelpekorpsprøva på sundag!! Og til Benjamin Rock, Robert Ø. Einemo, Trond Øyen Einemo, og Runar Halland Flæte- gratulera med bestått grunnopplæring i Hjelpekorpset (Grunnkurs Barmark + Fyrstehjelpskurs), de er no sett på alarmlista til RK som godkjende Hjelpekorpsarar.
Framleis er det mange som lyt regodkjenne av våre medlemmar og nokre som manglar del 1. Så før sommaren satsar ein på få til eit opplegg på dette. Meir info om når dette vert vil kome på mail frå Monika og her på sida.
Etter Nesholmen
Ref frå Facebook sida, Monika sitt innlegg: Gratulera med gjennomførd (og bestått) Grunnkurs Barmark og Vannredning C til dei som var på Nesholmen i helga, no er snart 5 nye flinke hjelpekorpsarar klare for å stå på beredskapslista vår
Les meir her
Fleire hjelpekorpsaktivitetar
Hjelpekorpsaktivitetar
Minner om at korpskveld i morgon 24/4 er utsett. Ny dato kjem på mail frå Monika.
Hjelpekorpset har ein del aktivitetar framover. Det byrjar med: Førstehjelpskurs og prøven 5-6 mai. Alle som har fått fritak frå delar av kurset må delta her. Kontakt Monika for fleire spørsmål.
Så held det fram med ryddeaksjon 7.mai. Pizza og brus vert servert her etterpå. Deretter er det sanitetsvakter på Storehaugen Opp laurdag 12.mai. For fleire aktivitetar sjå under aktivitetar.
Dugnad og flaskepantcontainer
Dugnad
Det trengst ein dugnad på Røde Kors huset. For maling, oljing av vindaugskarmar og anna nødvendig utvendig vedlikehald. Håpar så mange som mogleg av dykk har høve til bidra eit par timar. Vert me mange nok er dette gjort på nokre få kveldar. Det er sjølvsagt veravhengig. Men me satsar på fint ver med sol og opplett. Aktuelle datoar for dugnad er torsdag 31.mai frå kl 17.00 og eit par timar, mandag 4.juni frå kl 17.00 og eit par timar. Samt sundag 10.juni frå kl 16-ca 19.00.
Det vert lett servering av kaffi + noko bite i, litt sosialt må ein jo ha ved sidan av arbeidet. Me ynskjer allerede no få ei lita oversikt på om du har høve til vere med på dette? Så send ein mail til bjorn.skalle@sogn.no evt laerdalrk@sogn.no
Flaskecontainer
I tillegg har me tenkt å investere i 3 stk flaskecontainerar (sjå vedlagt bilde, døme). Den eine vert ståande bak Coop, ein på Håbakken samt ein ved camping på sommaren, og om vinteren tenkte me denne kunne flyttast til Borlaugskrysset.Håpar på å få dette på plass før sommarsesongen. Dette vil bidra til inntekter lokalt til laget, som vil gå til kursing/utdanning av dykk som medlemmar, samt oppretthalde godt og riktig utstyr så me har ein god beredskap.
Me treng her litt hjelp, då desse må tømmast iblant. Kanskje 1 gong i veka eller kanskje ikkje så ofte heller, det lyt ein sjå ann. Ein set då opp ei liste som rullerar, der 1 person er ansvarleg for sjå etter og evt tømming ei veke og ein annan neste veke. Håpar så mange som mogleg av dykk kan bidra litt her også. Me ynskjer få ein oversikt allerede no på kven som har moglegheit til å vere med å bidra på dette? Så send ein mail til bjorn.skalle@sogn.no evt laerdalrk@sogn.no
Skryt
Frå notis/innlegg i Sogn Avis 12.04.12. Litt skryt til Hjelpekorpset.
Pantolotteriet
Kiwi i Lærdal har panto automat. Håpar flest mogleg pantar her, og gir si støtte til Røde Kors. Les meir om dette her
Lærdal Røde Kors Hjelpekorps treng fleire medlemmar
Lærdal Røde Kors har pr.dags dato 240 medlemmar. 15 er aktive i hjelpekorpset.
Ein treng fleire medlemmar. Har du lyst til verte medlem, ikkje nøl med ta kontakt.
Les meir her: http://porten.no/eway/default.aspx?pid=254&trg=Main_6122&Main_6122=6128:81270::0:6160:14:::0:0
Hjelpekorpsleiar med godkjent redningshund
Årsmøtet vart arrangert torsdag 17.februar, og me er no godt i gang i nytt år. Nye styremedlemmar
er på plass. Særleg i hjelpekorpset var det litt omrokkeringar. Her kom Monika Lysne inn som korpsleiar
og Linda Kristin Gram som Operativ leiar. Johannes Halland og Per Tønjum som styrememdlemmar og Frantz Henriksen
som varamedlem. For meir info om styret sjå meir under menyen styret.
Korpsleiar Monika Lysne har nyleg vore på Dagalifjell og fått hunden sin Arja godkjent på lavine
som ekvipasje nr 2 i Sogn og Fjordane. Meir om dette kan de lese her:
http://porten.no/eway/default.aspx?pid=254&trg=Main_6122&Main_6122=6128:81233::0:6131:2:::0:0
Her kan de lese korleis de gjekk då Arja var i Årdal og leita etter banksjekk: http://porten.no/eway/default.aspx?pid=254&trg=Nede_6142&Main_6122=6142:0:&Nede_6142=6128:81320::0:6143:4:::0:0
Historisk tilbakeblikk
Under årsmøtet torsdag 17.februar hadde me ei litt utsett jubileumsmarkering.
I den forbindelse var det litt historisk tilbakeblikk, og god mat etterpå.
Her kan de lese det historiske tilbakeblikket, JUBILEUM Årsmøte 2011
og det er vel verdt lese








