Besøksteneste

Lærdal Røde Kors Omsorg (Besøksteneste) har kvar veke sine faste rundar med handlevogn på aldersheim (LAS) og lokalsjukehuset.

Dei vitjar eldre som er einsame, gjev blomar til alle som har årmålsdag ved Lærdal Alders og Sjukeheim og står som ansvarlege for solfesten på same stad. Dei bidreg og med gåver på sjukehuset og blomegrupper til institusjonane til jul og påske.

Lærdal Røde Kors Omsorg er for tida 13 aktive medlemar, og dei tek gjerne i mot fleire besøksvenner. Dersom du ynskjer å ta til som besøksvenn kan du ta kontakt med Bjørg Valaker på epost bjovalak@frisurf.no.

omsorgstenesta