Oppsummering etter basaren
I slutten av november hadde me den 32. hjelpekorpsbasaren. Her møtte det mykje folk. Saman med ein god gjeng medlemmar og god hjelp av desse selde me lodd på bøker i forkant. Sat på Coop og Kiwi og selde. På sjølve basardagen sundag 20.november var det god oppslutnad av bygdefolket. Som tradisjon tru stilte i år også Besøkstenesta opp og selde kaffi og kaker. I år gjorde me det litt annleis. Tok ikkje barnetrekning, og hadde istaden 4 trekningar, først 2 også liten pause også 2 til. Me fekk inn svært mykje på denne basaren i år, så dette er absolutt noko me bør halde fram med. Samla brutto resultat syner kr 60 451,-. Det samla overskotet vart kr 47 647,-. Dette var svært godt resultat. Ein har på tidlegare år ikkje fått inn så mykje.



