Ferjekort
Ferjekort
Me har no gått til innkjøp av eit ferjekort, etter vedtak på styremøte onsdag 14.april 2010. Ferjekortet kan nyttast på alle fjord1 sine ferjestrekningar på vestlandet. Viser til tidlegare utsendt mail for meir informasjon om kortet. Ta kontakt med ein av oss i styret om det er noko du lurer.
Kort info om kortet
Ferjekortet har me tenkt at medlemmane skal bruke når dei skal på møter, kurs etc i regi av Røde Kors. Ferjekortet gir rabatt, og dermed også lågare reiseutgifter for laget.
For at me til ei kvar tid skal ha oversikt over kvar kortet er kjem eg til å lage til ei liste der, medlemmane skriv dato og signatur for når dei låner og leverar tilbake kortet. Me ynskjer då at siste kvittering ligg ved kortet, slik at me har ein oversikt over kor mykje som er att på kortet.
