Lærdal Røde Kors

Velkommen til Lærdal Røde Kors sine heimesider. Her vil de finne nyheiter, info om Lærdal Røde Kors, oversikt over kurs og aktivitetar.

Nyhende

Årsmøte

Årsmøtet vert halde tysdag 14.02.12 kl 19.00 på Røde Kors huset i Bergo. Vanlege årsmøtesaker. Saker til styret må vere styret i hende innan tysdag 07.02.12. Ynskjer alle medlemmar velkommen, både nye og gamle medlemmar.

 

 

Pantolotteriet

Kiwi i Lærdal har panto automat. Håpar flest mogleg pantar her, og gir si støtte til Røde Kors. Les meir om dette her

Godt nyttår

Vil ynskje alle medlemmar eit riktig godt nyttår :) ) I julehelga var ein ramma av storm, og i romjula var ein gjeng frå Hjelpekorpset ute rydda litt etter stormens herjingar. God innsats av dei som var med der.

No er me godt inne i 2012, og det er ein del kurs i næraste framtid. Blant anna vinter C (her er påmelding allereie ute no), B-kurs på Finse og skredkurs på Hafslo. For meir info om desse kursa,les og sjå meir info her

Oppsummering etter basaren

I slutten av november hadde me den 32. hjelpekorpsbasaren. Her møtte det mykje folk. Saman med ein god gjeng medlemmar og god hjelp av desse selde me lodd på bøker i forkant. Sat på Coop og Kiwi og selde. På sjølve basardagen sundag 20.november var det god oppslutnad av bygdefolket. Som tradisjon tru stilte i år også Besøkstenesta opp og selde kaffi og kaker. I år gjorde me det litt annleis. Tok ikkje barnetrekning, og hadde istaden 4 trekningar, først 2 også liten pause også 2 til. Me fekk inn svært mykje på denne basaren i år, så dette er absolutt noko me bør halde fram med. Samla brutto resultat syner kr 60 451,-. Det samla overskotet vart kr 47 647,-. Dette var svært godt resultat. Ein har på tidlegare år ikkje fått inn så mykje.

 

Øvelse i Flåm 28.april

Torsdag 28.april var Hjelpekorpset med på ei stor katastrofe øving i Flåm, saman med fleire viktige nødetatar,

også Hjelpekorpset i Aurland og Luster deltok.

Det var ei nyttig øving på mange måtar. Det var ei togulykke oppe i Flåmsdalen, ikkje langt unna Berekvam stasjon.

41 personar var innblanda, og nokre hadde alvorlege skadar, og nokre mindre alvorlege skadar. 1. omkom.

Så det var litt av kvart å øve på.

Meir om øvelsen kan du lese her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7611489

Lærdal Røde Kors Hjelpekorps treng fleire medlemmar

Lærdal Røde Kors har pr.dags dato 240 medlemmar. 15 er aktive i hjelpekorpset.

Ein treng fleire medlemmar. Har du lyst til verte medlem, ikkje nøl med ta kontakt.

Les meir her: http://porten.no/eway/default.aspx?pid=254&trg=Main_6122&Main_6122=6128:81270::0:6160:14:::0:0

Hjelpekorpsleiar med godkjent redningshund

Årsmøtet vart arrangert torsdag 17.februar, og me er no godt i gang i nytt år. Nye styremedlemmar

er på plass. Særleg i hjelpekorpset var det litt omrokkeringar. Her kom Monika Lysne inn som korpsleiar

og Linda Kristin Gram som Operativ leiar. Johannes Halland og Per Tønjum som styrememdlemmar og Frantz Henriksen

som varamedlem. For meir info om styret sjå meir under menyen styret.  

Korpsleiar Monika Lysne har nyleg vore på Dagalifjell og fått hunden sin Arja godkjent på lavine

som ekvipasje nr 2 i Sogn og Fjordane. Meir om dette kan de lese her: 

http://porten.no/eway/default.aspx?pid=254&trg=Main_6122&Main_6122=6128:81233::0:6131:2:::0:0

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                      

Her kan de lese korleis de gjekk då Arja var i Årdal og leita etter banksjekk: http://porten.no/eway/default.aspx?pid=254&trg=Nede_6142&Main_6122=6142:0:&Nede_6142=6128:81320::0:6143:4:::0:0

Historisk tilbakeblikk

Under årsmøtet torsdag 17.februar hadde me ei litt utsett jubileumsmarkering.

I den forbindelse var det litt historisk tilbakeblikk, og god mat etterpå.

Her kan de lese det historiske tilbakeblikket, JUBILEUM Årsmøte 2011

og det er vel verdt lese :)

Vekesinfo frå distriktet + infobrev hjelpekorps

Her ligg det til ei kvar dit info vekesvis frå distriktskontor, samt infobrev frå hjelpekorps, og tutti fratelli. Godt lesestoff med viktig info.

Agenda veke 2 Sogn og Fjordane 2012

Agenda veke 3 Sogn og Fjordane 2012

Oppdatert årshjul fram til og med sommaren 2012 kan du sjå her: Årshjul for SFRK 2011

Her følgjer nyhetsbrev for hjelpekorps for juni

Inforbrev Hjelpekorps januar 2012

Her kan de lese tutti fratelliTutti fratelli oktober 2011

Refusjon køyresatsar ved reiserekning

Vår kasserar Jermund Bosheim har motteke reiserekningar, der det blir brukt ulike satsar. Alle bør bruke same satsen på reiserekningane. Det var ved eit årsmøte endra satsar i 2008, men no etter eit styremøte, 14.04.2010, vedtok styret nokre enkle og felles takstar, som blir gjeldande.

Dei nye satsane er som følgjer:

Bil m/hengar kr 3,-
Passajerar kr 0,50,-
Enkel bil kr 2,-

Styret Lærdal Røde Kors, 14/4-2010

Neste side »